søndag 29. mai 2011

Bestemor ruter...

Eg har mangen ganger starta på prosjekt med bestemor ruter.
Planen har vore å laga tepper. Men det har alltid endt med at eg har pakka dei vekk itte ei stond. Tidkrevande prosjekt. Å så kan eg ikkje fordra å festa trådar! Å da blir da jo ein del av.
No nok ein gang har eg starta på eit nytt Bestemor Prosjekt!
Men denna gongen skal eg begynna med å laga ei puta!
Eit lite mål som eg vil tru eg skal klara å fullføra :)


Denna gangen har eg valt å bruka "Blome ruter". Syns dei e så søte :)
Blå fargen og grønn fargen blir nye fargar i ståvo mi. Men dei sklir lett inn i alt det kvita og rosa :) Komme til å bli så fint atte :)


Garnet eg har brukt er Drops Alpaca

1 kommentar:

  1. Så kjekt at du endelig har begynt å skriva blogg igjen :0)

    Klem fra Mari di.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...her