Ein god månad har gått siden eg sist var innom her! Å i mellom tido e eg blitt mamma til verdens søtaste og herligaste gutt! Det seie seg sjølv at det då blir mindre tid til både strikking og blogging då!
Men no har eg vertfall fått ferdig Marius
dressen. Den har egentli lenge vore nesten ferdig, men det har mangla siste
finish, Knapperado og knappane.
Eg gjorde litt endringar frå mønsteret, strikka
heller rundmønster. Syns det er finare og enklare, så sleppe eg og den kjedeliga monteringo
etterpå.
Hua har
eg og strikka til dressen, men den er alt for stor! Så må strikka ei ny ei som
er litt mindre. Han må jo ha hua som passer til dressen!
Mønster: Sandnes Garn
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: 3 og 3,5
Str: 6 mnd